• Nyheiter
  • Folk
  • Fritid
  • Seriar
  • Podkast
  • Korte videoar

Søk etter video

image

Del lenke

Kenneth flytta til Måløy for 7, 8 eller 9 år sidan, han er litt usikker

Det lyser i stille grender
25. november 2022
S2, E18

Kenneth Bjerke er dagens hovudperson i Sølvi Hopland Aemmer sin adventspodkastserie Det lyser i stille grender. Kenneth har eit vinnande vesen som dei fleste har møtt på sin tur på daglegvarebutikken. Når han har fri brukar han mykje av tida si på å produsere musikk som han gir ut på sitt eige plateselskap.

Artikkelen er meir enn 2 år gamal

SesongSjå alle

I 1997 mista Guro dottera Anna halvvegs ut i svangerskapet
19:47
Det lyser i stille grender
25. november 2022
S2, E1

I 1997 mista Guro dottera Anna halvvegs ut i svangerskapet

I 1997 mista Guro Brekke dottera Anna halvvegs ut i svangerskapet. Sjølv om Anna alltid er med henne i hjartet har det sett spor, og tapet fekk ho til å tvile på Gud. No er Guro ein viktig del av Frelsesarmeen i Måløy, og trua har igjen blitt like viktig som den var før den dramatiske opplevinga.

Lenke til video
Rohan fortel om barndomsminnene frå krigen på Sri Lanka
20:52
Det lyser i stille grender
25. november 2022
S2, E2

Rohan fortel om barndomsminnene frå krigen på Sri Lanka

I dagens luke av Sølvi Hopland Aemmer sin adventspodkastserie finn vi Rohan Gnanaraja. Han kom til Norge i 1993, saman med mor og fem søsken. Faren hadde då allereie kome for fleire år sidan. No jobbar Rohan i elektrofirmaet Sætren AS, og er ein entusiastisk familiefar med tre barn. Han likar den norske jula, men kan ikkje så mange julesongar.

Lenke til video
Tove Lill vedgår at det kan vere tøft som lokalpolitikar
20:57
Det lyser i stille grender
25. november 2022
S2, E3

Tove Lill vedgår at det kan vere tøft som lokalpolitikar

Tove Lill Refvik Volle er dagens hovudperson i Sølvi Hopland Aemmer sin adventspodkastserie Det lyser i stille grender. Her pratar ho mellom anna om korleis det er å stå i stormen som kommunepolitikar under debatten om Kinn. På grunn av debattklimaet vedgår ho at ho synst det er tøft å stikke hovudet fram, og at ho difor vegrar seg litt for å ta del i den offentlege ordlyden.

Lenke til video
20-årige Frithjof har ein uvanleg lidenskap
18:12
Det lyser i stille grender
25. november 2022
S2, E4

20-årige Frithjof har ein uvanleg lidenskap

Frithjof Silden er dagens hovudperson i Sølvi Hopland Aemmer sin adventspodkastserie Det lyser i stille grender. Frithjof har trass sin unge alder vore innom fleire spanande jobbar, slik som journalist, fiskar og gravferdshjelpar. No for tida tar han bachelor-utdanning ved NTNU i Ålesund, samtidig som at han gjer det bra som skomakar i eige firma i heimbygda Holvik.

Lenke til video
Marianne finn glede i å hjelpe andre
24:22
Det lyser i stille grender
25. november 2022
S2, E5

Marianne finn glede i å hjelpe andre

Marianne Kristin Pleym Refvik er dagens hovudperson i Sølvi Hopland Aemmer sin adventspodkastserie Det lyser i stille grender. Ho omtalar seg sjølv som ein person som set veldig stor pris på andre, noko som ofte gjer at ho gløymer seg sjølv. Til dagleg jobbar ho i gravferdsbyrå og som personleg assistent, men det ho kanskje brenn mest for, er velgjerdsarbeidet i Pass it On.

Lenke til video
Forfattaren Arnfinn trivst godt med å vere pessimist
36:18
Det lyser i stille grender
30. november 2021
S2, E6

Forfattaren Arnfinn trivst godt med å vere pessimist

Arnfinn Kolerud er dagens hovudperson i Sølvi Hopland Aemmer sin adventspodkastserie Det lyser i stille grender. Han er lett å glede: berre la vere å irritere han så blir han glad. Noko som derimot ikkje gjer han glad, er å leite etter herresko i sin størrelse. Når det gjeld jula, ser han på den mest som eit nødvendig vonde. Mest fordi han har alt.

Lenke til video
For Pia har treninga vore ein viktig del av livet
38:43
Det lyser i stille grender
25. november 2022
S2, E7

For Pia har treninga vore ein viktig del av livet

Pia Gjørsvik Kvernevik er dagens hovudperson i Sølvi Hopland Aemmer sin adventspodkastserie Det lyser i stille grender. Sjølv om ho er busett på Flatraket, så kan ein ikkje akkurat høyre det. Ho har nemleg vore ein innflyttar sjølv om ho eigentleg har røtene sine i Nordfjord.

Lenke til video
Kjetil skulle berre ha seg eit år i Måløy som 16-åring
19:40
Det lyser i stille grender
25. november 2022
S2, E8

Kjetil skulle berre ha seg eit år i Måløy som 16-åring

Kjetil Lødøen er dagens hovudperson i Sølvi Hopland Aemmer sin adventspodkastserie Det lyser i stille grender. Kjetil er fødd i Måløy, men flytta til Austlandet då han var liten gut. Som sekstenåring flytta han tilbake til det som etter planen berre skulle bli eitt år på skule i Måløy. Sidan har han vore her. Dei fleste kjenner han som den blide bussjåføren han er. I jula har han dårlege opplevingar med juletreføter, og har no gått over til plasttre for å sleppe bryderiet.

Lenke til video
Ruth var jordmor i Vågsøy kommune til ho vart pensjonist
23:14
Det lyser i stille grender
25. november 2022
S2, E9

Ruth var jordmor i Vågsøy kommune til ho vart pensjonist

Ruth Kobbevik Gangsøy er dagens hovudperson i Sølvi Hopland Aemmer sin adventspodkastserie Det lyser i stille grender. Ho kjem frå Østfold, og har behalde dialekta si, sjølv om ho har budd her i mange år. Ho har arva både mora sitt lyse sinn og faren sitt sensitive sinn. Ho vaks opp i pinsekyrkjelyden, men vart etter kvart med i BCC, som før vart kalla Smiths venner.

Lenke til video
Bestemora til Erling trudde han skulle bli prest
22:12
Det lyser i stille grender
25. november 2022
S2, E10

Bestemora til Erling trudde han skulle bli prest

Erling Wåge er dagens hovudperson i Sølvi Hopland Aemmer sin adventspodkastserie Det lyser i stille grender. Erling har heile 34 år bak seg som tilsett i Fjordenes Tidende der han i 20 av desse åra var redaktør. I podkasten fortel han om nokre av dei andre lidenskapane han har i livet, nemleg musikk, duppedittar og familien sin.

Lenke til video
Annette flytta frå Liverpool til Raudeberg då ho var 14 år
30:45
Det lyser i stille grender
25. november 2022
S2, E11

Annette flytta frå Liverpool til Raudeberg då ho var 14 år

Annette Simianne Myhre er dagens hovudperson i Sølvi Hopland Aemmer sin adventspodkastserie Det lyser i stille grender. Ho jobbar no på Nordvestvinduet. På fritida er ho med i Røde Kors, og ho elskar å synge. Ho har hatt fleire nedturar i livet, men fokuserer på det gode, og vel å gjere kvar dag til ein god dag.

Lenke til video
Den munnrappe låtskrivaren er halvvegs til nitti
37:04
Det lyser i stille grender
25. november 2022
S2, E12

Den munnrappe låtskrivaren er halvvegs til nitti

Atle Oen er dagens hovudperson i Sølvi Hopland Aemmer sin adventspodkastserie Det lyser i stille grender. Atle Oen kjem frå Øygarden, men vart med kona heim til Nordfjordeid då ho trekte det lengste strået. No kjenner han litt på at han er halvvegs til nitti, og har ein del artige tankar og observasjonar rundt det. Han er kålrabistappeansvarleg julaftan, og meiner beskjedent at han kanskje er den flinkaste i fylket til å lage det.

Lenke til video
Etter mange år med sjukdom er Anita på ein god plass i livet
32:04
Det lyser i stille grender
25. november 2022
S2, E13

Etter mange år med sjukdom er Anita på ein god plass i livet

Anita Orheim er dagens hovudperson i Sølvi Hopland Aemmer sin adventspodkastserie Det lyser i stille grender. Anita er tobarnsmamma. Etter ein heftig reaksjon på ei influensavaksine hausten 2017, har ho hatt tøffe år. No gler ho seg over dei små tinga i livet, og er glad for alt ho kan klare, som andre tek for gitt. Ho målar, fotograferer, og er oppteken av kultur og samfunn. Utanforskap i samband med sjukdom er noko ho har kjent på kroppen, og det er viktig for henne å bidra til integrering.

Lenke til video
Høyr dei sterke skildringane til Madelen, Ninni, Håkon, Aurora og Emma
59:46
Det lyser i stille grender
25. november 2022
S2, E14

Høyr dei sterke skildringane til Madelen, Ninni, Håkon, Aurora og Emma

Madelen, Ninni, Håkon, Aurora og Emma er hovudpersonar i luke 14 av Sølvi Hopland Aemmer sin adventspodkastserie Det lyser i stille grender. Dei fem ungdomane går i 8. klasse ved Vågsøy ungdomsskole, og har alle, trass sin unge alder, gått gjennom tunge periodar i livet og fortel sterke historiar.

Lenke til video
Hrefna kallar seg sjølv for eit løvetannbarn
31:26
Det lyser i stille grender
25. november 2022
S2, E15

Hrefna kallar seg sjølv for eit løvetannbarn

Hrefna Gudrun Gudmundsdottir er dagens hovudperson i Sølvi Hopland Aemmer sin adventspodkastserie Det lyser i stille grender. Hrefna kom til Måløy for 20 år sidan. Ho har tre born, eit bonusbarn og jobbar på Bjørgs Mat. I ungdomsåra på Island hadde ho ein tøff oppvekst saman med dei fem søskena sine. Samtidig var det mykje kjærleik og glede som gjer at ho i dag er ein sterk person.

Lenke til video
Espen berga livet til ein som heldt på å drukne
36:28
Det lyser i stille grender
25. november 2022
S2, E16

Espen berga livet til ein som heldt på å drukne

Espen Larsen er dagens hovudperson i Sølvi Hopland Aemmer sin adventspodkastserie Det lyser i stille grender. Espen er i dag lærar ved ungdomsskulen i Måløy og ser på seg sjølv som ein ganske normal mann. Nyleg var han ute for ei veldig spesiell hending der han heilt tilfeldig hamna opp i ein situasjon der det plutseleg stod om liv eller død.

Lenke til video
Firebarnsmora Hildegunn er opptatt av å sjå andre
44:35
Det lyser i stille grender
25. november 2022
S2, E17

Firebarnsmora Hildegunn er opptatt av å sjå andre

Hildegunn Gjesdal Tennebø er dagens hovudperson i Sølvi Hopland Aemmer sin adventspodkastserie Det lyser i stille grender. Hildegunn er opphavleg frå Gjesdal på Bryggja, men bur i dag på Sandane der ho jobbar som rektor på Nordfjord Folkehøgskule.

Lenke til video
Kenneth flytta til Måløy for 7, 8 eller 9 år sidan, han er litt usikker
23:36
Det lyser i stille grender
25. november 2022
S2, E18

Kenneth flytta til Måløy for 7, 8 eller 9 år sidan, han er litt usikker

Kenneth Bjerke er dagens hovudperson i Sølvi Hopland Aemmer sin adventspodkastserie Det lyser i stille grender. Kenneth har eit vinnande vesen som dei fleste har møtt på sin tur på daglegvarebutikken. Når han har fri brukar han mykje av tida si på å produsere musikk som han gir ut på sitt eige plateselskap.

Lenke til video
Torill brenn for å få andre til å føle seg betre
22:32
Det lyser i stille grender
25. november 2022
S2, E19

Torill brenn for å få andre til å føle seg betre

Toril Domstein er dagens hovudperson i Sølvi Hopland Aemmer sin adventspodkastserie Det lyser i stille grender. Torill ser på seg sjølv som ein glad, positiv og motivert person som likar å hjelpe andre. Ho brenn for å få andre til å føle seg betre, og føler seg av og til som både NAV, politi, lege og mamma.

Lenke til video
John Inge er latterleg anlagt og ser på seg sjølv som ein heilt vanleg mann
33:33
Det lyser i stille grender
25. november 2022
S2, E20

John Inge er latterleg anlagt og ser på seg sjølv som ein heilt vanleg mann

John Inge Refvik er dagens hovudperson i Sølvi Hopland Aemmer sin adventspodkastserie Det lyser i stille grender. John Inge ser på seg sjølv som ein heilt vanleg mann frå Raudeberg. No bur han i Refvik der han driv gard. Tidlegare var han mjølkebonde, og mykje av den hyggelege praten handlar om nettopp kyr.

Lenke til video

Vi nyttar cookies for å betra brukaropplevinga. Sjå fleire detaljar i cookieerklæringa vår. Les meir.

Ansvarleg redaktør og dagleg leiar
Svanhild Breidalen
Redaksjon
fjt@fjt.no
Annonse
annonse@fjt.no
Abonnement
abonnement@fjt.no
Tips
Tips oss
Innstillinger

Informasjon om bruk av «cookies» og personvernpolicy.
Informasjon om openheitslova.