Etter mange år med sjukdom er Anita på ein god plass i livet
Det lyser i stille grenderS2, E13
Anita Orheim er dagens hovudperson i Sølvi Hopland Aemmer sin adventspodkastserie Det lyser i stille grender. Anita er tobarnsmamma. Etter ein heftig reaksjon på ei influensavaksine hausten 2017, har ho hatt tøffe år. No gler ho seg over dei små tinga i livet, og er glad for alt ho kan klare, som andre tek for gitt. Ho målar, fotograferer, og er oppteken av kultur og samfunn. Utanforskap i samband med sjukdom er noko ho har kjent på kroppen, og det er viktig for henne å bidra til integrering.
Artikkelen er meir enn 1 år gamal