
– Eg hadde ein uggen følelse av at noko ikkje stemte
Frå soveromsvindauget såg 13 år gamle Josef Husevåg hotellet brenne. Like ved måtte brannsjef Geir Petter Hatlenes velje kvar han skulle sette inn mannskapa. I første episode fortel dei om natta frå kvar sin ståstad. Etterforskingsleiar Nils Bakke fortel kva politiet fann då dei kunne gå inn i dei delane av hotellet som framleis stod.