Poppe hyllar området – Leo kom tilbake til gamle minne
Då «Kjærast» skulle spelast inn, var Stadlandet og Selje blant dei første stadane filmskaparane vurderte. Regissør Erik Poppe fortel at landskapet blei som ein fjerde karakter i filmen, og at mottakinga frå dei lokale nesten blei utslagsgivande for valet. For hovudrolleinnehavar Leo Magnus de la Nuez blei innspelinga også eit gjensyn. Han hadde besøkt Selje tidlegare og hugsar både Selje Hotel før brannen og eit måneskinsbad på Seljesanden. I videoen fortel Poppe og dei to hovudrolleinnehavarane om vekene i området, vêret dei ønskte seg, og kvifor dei blei så glade i plassen.