Jubla med sprudlevatn etter storsiger i finalekampen
Selje vann laurdag 4-0 heime mot Dale i den andre finalekampen i 6. divisjon og kan med det kalle seg kretsmeister i Sogn og Fjordane. Den første kampen enda 2-2. Måla til Selje blei scora av Oliver Kupen Skårbø, Kristoffer Rundereim (2) og Joachim Lunde Træet.