Bli med på ein rusletur gjennom den «nye» gata
Arbeidet med Gate 1 i Måløy held fram. Per juli 2025 har arbeidslaget kome fram til krysset ved Heradsheim. Sjølv om det framleis står att ein del arbeid med legging av brustein på fortaua, blei delar av gata opna for biltrafikk fredag 11. juli. No kan bilistar køyre heilt nord til krysset ved Jernia.