TIDENDES POD: Erik skal leie den historiske tunnelbygginga
Tidendes podS5, E6
Erik Frogner byrja i AF i 1991. No går den erfarne prosjektleiaren inn i ei sentral rolle i bygginga av Stad skipstunnel.
I denne episoden fortel han om vegen fram mot det historiske oppdraget, korleis arbeidskvardagen i Stad kan bli, og ansvaret som følgjer med å leie eit av dei største anleggsprosjekta i landet. Vi snakkar også om livet på brakka, tilboda i bygda og kva som kan halde ein prosjektleiar vaken om natta.
Og heilt til slutt: Blir Frogner no seljeværing?